900 11 978 / 932 63 698
goddo.grendalag@erevik.net

Om oss

Goddo Grendalag

Stifta i 1986 med formål å skapa trivsel for bygda sine innbyggjarar

Skulen i Erevik har i alle år vore ein stad kor folk har hatt ulike samankomstar for barn og vaksne for trivselen i bygda vår. Den «nye skulen» blei tatt i bruk i august 1973. Det var ein stor dag for Goddo og Sæverudsøy. Året etter – i 1974 – blei Goddo landfast med resten av Bømlo med bru.

På 1990 talet og utover blei da mykje kamp om å få behalda skulen pga for lite barn til å fylla skulen vår. Etter stort press frå grendafolket klarte vi å behalda skulen til år 2001, men då valde foreldre som hadde barn i krinsen å søkja seg til Svortland Skule. Politikarane fekk det då lett med å leggje ned skulen og grendafolket slapp «nedleggings spøkjelset» kvart år.

Goddo Grendalag blei då lova å få overta skulen – og slik blei det. Vi overtok skulen og navnet blei Grendatunet Erevik.

Bydga sto då framfor ein stor utfordring med restaurering. Det arbeidet tok til hausten 2001 og det har blitt gjort stadige forbetringar. Grendatunet er no eit fint lokale med to store salar på ca 120 og 100 m2, praktisk og velutstyrt kjøkken på ca 50m2 med kjølerom samt dusjar og eit kombinert møterom/barnerom med leiker for dei minste.

Det er eit stort uteareal med ein del leikeapparat og sjørøvarskute. Ei opprusting av leikeområdet står for tur no når våren kjem.

Hausten 2008 vart det bygd ein ballbinge. Den vart offisielt opna av Arne Larsen-Økland og Gunnar Meling, 18 april 2009. I forbindelse med dette anlegget, er det og planlagt trinn 2.

Grendatunet har god plass til parkering. Det er og lagt ut flytebrygge på 18 meter for gjester som kjem sjøvegen.

De finn oss nord på Bømlo, ca. 6 km frå Svortland sentrum mot Brandasund.



På Facebook

Facebook Pagelike Widget

download free uapkmod,action game apk mod, android apps apk mod