Goddo Grendalag bygde første turstien frå Helgaplass til Barmane Friområde (1,1km) pluss flytebrygger og bruer i 1994.
Dette er eit populært og fint turområde både for turgåarar og båt-turister. Her er opent fint turterreng med store variasjonar i landskapet. Goddo er den største landfaste øya i Bømlo Kommune, og vestsida av øya ligg heilt ut mot Nordsjøen med blankskurte fjellparti, høge svaberg, øyar, holmar og skjær som storhavet baskar mot.
Traseen over Goddo skal inngå i Nordsjøløypa som Hordaland Fylkeskommune i fleire år har arbeida med når det gjeld traseval og merking av turstiar som skal følgje kyststripa frå Ryvarden Fyr i Sveio Kommune og til Fedje Fyr i Norhordaland. Alt dette i nabolaget er ein kjempefordel både for ung og gamal.
Klikk for større bilde. Du kan også laste ned en kopi av turkartet i PDF format.